Salmon Eye
For å kunne fø framtida, må vi sjå under overflata.
All næring etterlet seg eit fotavtrykk, både positivt og negativt. Salmon Eye skal vere eit senter som kastar lys på både moglegheiter og utfordringar med havbruksnæringa. Vi skal sjå ting frå nye perspektiv, oppmoda til ny tankegang, og reflektere nøye gjennom kva som er naudsynt å gjere i næringa.
Visningsoppleving
Salmon Eye tilbyr ei styrt læringsoppleving med fokus på fotavtrykket til havbruksnæringa i Noreg. Kanskje kan du noko frå før? Kanskje har du aldri vore borti næringa sjølv? Opplevinga oppmodar deg til å utfordre det du allereie veit, og reflektere rundt korleis vi kan utvikle matproduksjon i sjø. Du kan ikkje berre sitte på sidelinja og følgje med, men må ta aktiv del i det som skjer. Til sjuande og sist er det du som bestemmer.
Rådgjevarpanel
For å utvikle visningsopplevinga på Salmon Eye vart det satt saman eit rådgjevarpanel med representantar frå forsking, forvaltning, næringa og miljøvern.
Gjennom ei rekke møter og skriftleg korrespondanse har rådgjevarpanelet hjelpt Salmon Eye med å kvalitetssikra det faglege grunnlaget som vert presentert ved senteret.
Les meir om rådgjervarpanelet, eller klikk her for å lese slutterklæringa til panelet.

Om Salmon Eye
Salmon Eye er eit senter som skal inspirere og informere om korleis vi kan forsyne verda med meir mat frå havet.
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Suspendisse varius enim in eros elementum tristique. Duis cursus, mi quis viverra ornare, eros dolor interdum nulla, ut commodo diam libero vitae erat. Aenean faucibus nibh et justo cursus id rutrum lorem imperdiet. Nunc ut sem vitae risus tristique posuere.
Restaurant Iris
Iris er ein unik restaurant som held til på Salmon Eye. Restauranten tilbyr ekspedisjonsmåltid, der du som gjest vert med på ein kulinarisk og naturskjønn ekspedisjon.
Besøk Iris