For å kunne fø framtida

må vi sjå under overflata

Salmon Eye

For å kunne fø framtida, må vi sjå under overflata.

All næring etterlet seg eit fotavtrykk, både positivt og negativt. Salmon Eye skal vere eit senter som kastar lys på både moglegheiter og utfordringar med havbruksnæringa. Vi skal sjå ting frå nye perspektiv, oppmoda til ny tankegang, og reflektere nøye gjennom kva som er naudsynt å gjere i næringa.

Visningsoppleving

Salmon Eye tilbyr ei styrt læringsoppleving med fokus på fotavtrykket til havbruksnæringa i Noreg. Kanskje kan du noko frå før? Kanskje har du aldri vore borti næringa sjølv? Opplevinga oppmodar deg til å utfordre det du allereie veit, og reflektere rundt korleis vi kan utvikle matproduksjon i sjø. Du kan ikkje berre sitte på sidelinja og følgje med, men må ta aktiv del i det som skjer. Til sjuande og sist er det du som bestemmer.

Rådgjevarpanel

For å utvikle visningsopplevinga på Salmon Eye vart det satt saman eit rådgjevarpanel med representantar frå forsking, forvaltning, næringa og miljøvern.

Gjennom ei rekke møter og skriftleg korrespondanse har rådgjevarpanelet hjelpt Salmon Eye med å kvalitetssikra det faglege grunnlaget som vert presentert ved senteret.

Les meir om rådgjervarpanelet, eller klikk her for å lese slutterklæringa til panelet.

Om Salmon Eye

Salmon Eye er eit senter som skal inspirere og informere om korleis vi kan forsyne verda med meir mat frå havet.

Restaurant Iris

Iris er ein unik restaurant som held til på Salmon Eye. Restauranten tilbyr ekspedisjonsmåltid, der du som gjest vert med på ein kulinarisk og naturskjønn ekspedisjon.

Besøk Iris
Ved å trykke på “Aksepter”, godtar du lagring av cookies på din enhet for å forbedre nettstedet og analysere sidebruken. Se vår Privacy Policy for mer informasjon.